Rovdjurscentret De 5 Stora

Norska fårbönder menar att också havsörn och utter måste sky

ASKVOLL: - Når oteren først får smaken på blod, er han like farleg som slagbjørnen, hevdar sauebønder i Askvoll. Styret i Holmedal sankelag vil no drøfte oter- og havørn-problemet. Blir det fleirtal, vil sankelaget sende søknad om fellingsløyve på oter og havørn til fylkesmannen. - Det er ikkje så mykje fisk i sjøen, difor må oteren gå på land for å få tak i mat, og då livbergar han seg blant anna på lam, meiner Jarl Iversen frå Holmedal. Sauebøndene er samde om at oterbestanden i kommunen er aukande. Dette er også tilfelle med havørna, meiner sauebøndene. Over 50 sauebønder møtte opp på eit orienteringsmøte måndag kveld, der distriktsveterinær Gisle Tomasgard og fylkesagronom Bjørn-Harald Haugsvær var til stades. Initiativtakarane til møtet var Kjell Ask, formann i Holmedal sankelag, og jordbrukssjef Geir Grytøyra. I Askvoll kommune ligg lammetapet på 10-12 prosent, opplyste distriktsveterinær Gisle Tomasgard. - Sauebøndene frå Askvoll vil ikkje få søknaden om fellingsløyve på oter og havørn godkjend før det føreligg konkrete bevis på at det er desse som er skuld i lammetapet, seier rovviltkonsulenten hos fylkesmannen, Hermund Mjelstad. Rovviltkonsulenten har aldri høyrt noko om at oteren skal ha drepe lam på beite. - Dette er såpass uvanleg at ingen veit om at noko liknande har skjedd tidlegare, seier Mjelstad. - Oteren lever i vatn, og livnærer seg hovudsakleg på fisk, seier Mjelstad, som vedgår at oterbestanden er aukande. - Det er heller ikkje påvist at havørna tek lam, seier rovviltkonsulenten. Han ønskjer konkrete bevis på at så har skjedd før han eventuelt godkjenner ein søknad om fellingsløyve på oter og havørn i Askvoll kommune. Hermund Mjelstad vil avvente søknader frå sankelaga i Askvoll kommune før han gjer noko meir med denne saka. Publisert: 24.05.2000 - 20:45